Alle har ei historie å fortelje
Alle bedrifter har ei historie å fortelje. Det starta med ein idé. Eit konsept. Ein forretningsidé. Korleis fortel du historia slik at ho gir meining for andre? Som skaper verdi i ei verd full av kontinuerleg støy.
Å skape noko stort er ein prosess med å legga til, raffinere og ta bort. Det er ei kontinuerleg perfeksjonering. Revisjonar. Nye skisser og forbetringar. Alt dette for å nå målet; å bidra med noko viktig for verda rundt oss.
Korleis kan du oppnå kontakt med kundar om dei ikkje veit at du eksisterer. Korleis kan du forandre om ingen kjenner deg og historia di?
Eg og mine kollegaer i Byrået Sydvest lever av å fortelje historier. Om bedrifter med sterke visjonar fortalt slik at dei vekkjer interesse. Me trur at når me fortel ei historie på ein spennande måte, så høyrer folk etter. Og dette er det som betyr mest; – å bli høyrt og sett.
Byrået Sydvest bygger merkevarer frå grunnen av. Med lidenskap, innovasjon og truverde. Gjennom mange media kan me få di merkevare til å bli høyrt gjennom støyen frå dei andre.
Me trur at alle bedrifter har ei historie å fortelje? Kva er di?