test

FOTOGRAFERING

Eg utfører for det meste oppdrag innan industri- og reklamefoto, men tek også bilete for redaksjonell bruk. Dei fleste bileta tek eg hjå kundane, men gjer også opptak i studio. Av kundar kan nemnast Sydvest, Steinsvik, Wärtsilä, Kværner, Bremnes Seashore, Eidesvik Offsore og Eidesvik Havfiske.

På heimekontoret disponerer eg eige fotostudio.

Når eg har lyst og tid jobbar eg også med kunstfotografi, og har vist fotografi på fleire utstillingar. Eg har levert mange bilete til utsmykking av bedrifter og til offentlege institusjonar.

null
null
null

VIDEO

Eg har jobba med videoproduksjon i meir enn 20 år, og har gjennom åra vore innom mange ulike oppdrag. Det meste dreier seg om oppdragsfilm, oftast i samarbeid med reklamebyrået Sydvest. Det vil sei reklame- og promonteringsfilmar for bedrifter, produkt eller organisasjonar. Også ein god del dokumentasjonsoppdrag for bedrifter, det offentlege og kulturinstitusjonar. Ein periode (ca. 12 år) jobba eg og mykje for NRK som fotograf og redigerar av nyhendereportasjar.

Eg har utstyr for fleirkameraproduksjonar og live streaming.

Treng du fotografering?

Eg kan hjelpa deg med alt innan bilete og film.

KOMMUNIKASJON

Alle har ei historie å fortelje

Alle bedrifter har ei historie å fortelje. Det starta med ein idé. Eit konsept. Ein forretningsidé. Korleis fortel du historia slik at ho gir meining for andre? Som skaper verdi i ei verd full av kontinuerleg støy.

Å skape noko stort er ein prosess med å legga til, raffinere og ta bort. Det er ei kontinuerleg perfeksjonering. Revisjonar. Nye skisser og forbetringar. Alt dette for å nå målet; å bidra med noko viktig for verda rundt oss.

Korleis kan du oppnå kontakt med kundar om dei ikkje veit at du eksisterer. Korleis kan du forandre om ingen kjenner deg og historia di?

Eg og mine kollegaer i Sydvest lever av å fortelje historier. Om bedrifter med sterke visjonar fortalt slik at dei vekkjer interesse. Me trur at når me fortel ei historie på ein spennande måte, så høyrer folk etter. Og dette er det som betyr mest; – å bli høyrt og sett.

Sydvest bygger merkevarer frå grunnen av. Med lidenskap, innovasjon og truverde. Gjennom mange media kan me få di merkevare til å bli høyrt gjennom støyen frå dei andre.

Me trur at alle bedrifter har ei historie å fortelje? Kva er di?

Kommunikasjonsrådgjeving

Marknadskommunikasjon er eit verkemiddel i samspelet mellom bedrifta og marknaden der ein gjennom ulike tiltak kommuniserer fakta, idéar, kunnskap og kjensler. All komunikasjonsplanlegging må ta utgangspunkt i eit heilskapsperspektiv. Prosessen startar med situasjonsanalyse og gangen vidare er planlegging, gjennomføring og kontroll.

Merkevareleiing

Ei ny, svensk undersøking viser at merkevareorienterte verksemder har klart høgare lønsemd enn verksemder som ikkje har fokus på dette området. Gjennom å integrere strategi og marknadsføring i ein langsiktig merkevarestrategi oppnår ein sterkare effekt i marknaden. Merkevareleiing er ein viktig del av det strategiske arbeidet i ei verksemd, og omhandlar heilskapstenkning og konsistens.

Strategiprosess

Mange små og mellomstore bedrifter har ikkje sett ord på stategien sin og laga skikkelege planar for korleis verksemda skal arbeida strukturert for å oppnå sine langsiktige mål. Ein strategiprosess kan bidra til å styrkja og utvikla bedrifta sine konkurransefortrinn.